Om dette arrangementet
Tid
19:00 - 21:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe
Pop & rockquiz med Kenneth og Svein
Bli med på haustens pop og rockquiz
OBS! Denne gongen er pop & rockquizen på ein onsdag!!
Velkomen til ny runde med musikkquiz. Kenneth og Svein, som er langt over gjennomsnittet interesserte i musikk, står for pop- og rockquiz denne kvelden. Kenneth er hovudansvarleg for musikk- og filmavdelinga i folkeboksamlinga, og Svein er blant anna aktiv med ein rekke nettradioar, frå rock til danseband, og involvert i musikk på mange område.
Det blir musikk og spørsmål for alle. Kom aleine eller med eit ferdig quizlag. Kjekt blir det uansett! PS. Det lønar seg med ein fin aldersblanding i laget, her blir det spørsmål om alt frå gamal rock til nyaste listepop.