Om dette arrangementet

Tid
19:00 - 20:30
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Krigens fargar med Vivian Midttveit

Bli med på ein lokalhistorisk litteratur- og musikkveld på Straume bibliotek

Boka Krigens fargar - levande historier frå hemnaksjonen på Telavåg, vart lansert i vår. Vivian er sjølv frå Telavåg, og ho undra seg over kvifor ho ikkje hadde vore meir engasjert i sin heimstad si unike historie då ho vaks opp. Ho kom fram til at dei nære, personlege historiene hadde vore sjeldne, og tok til å samle menneskas eigne historier, for so å skrive dei ut som levande scenar.
Alle historiene i boka er henta ut av den historiske konteksten til bygda, og basert på sanne opplevingar. Men meir enn eit historisk prosjekt er dette altså eit kunstnarisk prosjekt, bygd på historiske hendingar. Velkomen til å høyra Midttveit fortelja om prosjektet og lese frå boka
Vivian Steinsland vil bidra med song og musikk.
Arrangementet er i samarbeid med Folkeakademiet Vest.