Om dette arrangementet
Snekring av biehotell
Denne dagen byggjer vi insekthotell i lag med Bergen Fellesverksted. Hotellene byggast av ferdige trestykke som deltakarane får montere saman med hammar og spikar. Dei veljer sjøl ut innreiinga til hotella. Dessutan bruker vi boremaskin til å lage ekstra hol som insekt og bier kan bu i. Aktiviteten byrjar med ein kort presentasjon om insekt si rolle i naturen, kvifor vi lager hotell, og kor det passer å henge dei opp. Passer best for deg mellom 8 og 12 år.
Påmelding på www.hoopla.no. Søk opp Øygarden. Hugs å velja rett stad og tid, då vi har fire ulike av dette kurset, på ulike stader.
OBS! Alle kursa våre brukar å bli fullteikna. Dersom det visar seg at du ikkje kan nytta plassen du har reservert, vær venleg å gjeoss ei melding, slik at ei på venteliste kan få plassen.