Om dette arrangementet

Tid
19:00 - 20:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Til døden skil oss med Anders Totland

Likte du den førre boka om gamlepresten Jacob Juul, "Til jord skal du bli"? Eller liker du berre rølpetrillarar generelt?

No kjem Anders Totland med den frittståande oppfølgjaren, "Til døden skil oss". Korleis skal Jacob få fjerna eit nake og oljete lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget? Og korleis overtyda barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for barnebarnet Isabella Donnatina?
Dette og mange fleire problem dukkar opp i samband med ein bryllupsfest i prestegarden på Finnskogen.
Det er humor, spenning og varme, sydd saman til ei burlesk historie der alt kan skje.

Møt forfattaren hos oss på Straume bibliotek denne kvelden, i samtale med bibliotekar Åshild Andersson Øyre. Og kanskje blir det litt pianospeling også? Velkommen til biblioteket!

Foto: Helge Skodvin