Gaming i biblioteket
av Gro
08.12.21
Offisiell opning av spelrommet på Straume
Laurdag 20. november var det offisiell opning av spelrommet vårt på Straume. Då var det yrande liv i lokala med mange små og store gjester. Ulike spel vart testa ut av barna og dei vaksne fekk høyre eit foredrag om desse spela ungane driv med. Takk til Ungdommens kommunestyre som stod for den offisielle opninga med ein klok tale og snorklipping, og til HordaLAN og Prebz som leia spelinga denne dagen.
Vi baka og vår eigen minecraftkake for anledninga og gåvesjekkar vart delt ut til vinnarane av bibliobattlesturneringa.
Slike arrangement vil brukarane våre få fleire av i framtida. Vi held på å laga planar i samarbeid med Prebz. Følg med!